I gamle tider var den enklaste måten å få hente for, ved og andre varer i høgfjellet med hest og slede vinterstid.
På frossen mark over myr, lyng og islagte vatn kom hestane seg fram med tunge lass.
Desse turane kunne være ganske utfordrande i ulikt vær og med føre som krevde lokalkunnskap og samarbeid med andre fjellfolk. Derfor kjøyrde dei ofte i lag fleire bønder i frå same grannelag.
Det var kaldt og tøfft men dei fekk også noko av det mest fantastiske norske fjell kan by på!
Hestane med trugar rugga roleg over islagte vatn og når sola skein so var det ingen stad bedre å væra.
No kan me tilby deg ei unik reise tilbake i tid!
Hestane, fjellet, sleden og opplevelsen er akkurat den samme som for 100 år sidan.
Me har 3 dagers tur inn til stølen Hollo som ligg 7 kilometer frå brøyta bilveg 1200 m.o.h.
Turen går etter dei gamle slepene og Olav Andres er med som tur guide. Du får høyre historier om hendingar og personar som levde i fjellet her.
Overnatting skjer i Stølsbue som er rusta opp med god standard innlagt straum.
Alle måltider er inkludert og det blir servert lokalmat frå dyr som beitar i området om sommaren.
Velkommen til ein uforglemmelig opplevelse!
Eksklusiv tur med max 8 deltakere.
Pris all inklusive 4900 kr.

